Samfunnsansvar

  • Heim
  • Samfunnsansvar

Vårt primære fokus er å bli ein av Noregs og Europas mest ettertrakta leverandørar av sports- og fritidsklede. På vegen dit er vi opptekne av å drive verksemda på ein best mogeleg måte. Vi kjenner- og tek vårt ansvar i lokalmiljøet, og jobbar etter globale tiltak for utvikling med eit sterkt miljøfokus. Våre retningslinjer og mål for samfunnsansvar er direkte knytt til våre bedriftsmål, og alle handlingar er basert på våre verdiar.


Lokale samarbeid :
Skogstad er ei bedrift frå Sogn og Fjordane, Stryn kommune og er svært stolt av sitt opphav. I 80 år har vi hatt eit nært forhold til lokalbefolkninga og vi har utvikla gode samarbeid både lokalt og nasjonalt. Våre samarbeidspartnarar er som følgjer:

  • Vinterfestival på Stryn Vinterski (saman med Svedje & Fjell)
  • Svedje & Fjell
  • Loen active
  • Briksdal Adventure
  • Nordfjord Grovsyklarlaug
  • Hashtagenduro
  • Stryn Rando 3000
  • Strynefestivalen
  • Hornindal Adventure
  • Flo Aktiv
  • Breimsbygda Skisenter
  • Postvegrittet
  • Sogn og Fjordane Skikrins
  • Skåla Opp
  • Nordfjord Team Skiskyting

Nasjonalt og internasjonalt veldedighetsarbeid:
Skogstad ønskjer å støtte nasjonal eller internasjonal veldedighet og tiltak. I 2014 støtta vi den europeiske organisasjonen World at Play og dagleg leiar Henning Skogstad gjennomførte Viking Race saman med fleire representantar frå Skogstad.

Miljøet:
Skogstad Sport har sitt opphav frå dei norske Fjordane. Vi har noko av den vakraste, urørte naturen i verden rundt oss. Fjordar og kystlinjer er økosystem som krev respekt, omtanke og treng å bli teken vare på. Som produsent av utandørbekledning, er vårt mål at alle kan oppnå utandørs glede og unike opplevingar i storslått natur i det rette utstyret.

Nettopp derfor er eit sterkt miljøfokus kjernen i vår forretningsmodell.

Nokre av våre tiltak i dag:

  • Nesten all emballasje, både papp og plast,
    som er produsert i Kina er resirkulert.
  • Vi jobbar for ein optimal og effektiv transport av våre produkt frå Kina for å minimere fraktkostnadar og bruk av drivstoff.
  • Vi jobbar kontinuerleg for å finne nye måtar å minimere bruk av emballasje. I 2014 starta vi å pakke produkta mindre.
  • Vi jobbar for å minimere bruk av skadeleg, eller potensielt skadelege kjemikaliar i våre produkt. I 2015 testa miljødirektoratet nokre av Skogstad sine produkt med eit resultat som viser at Skogstad sine produkt har eit særdeles lavt nivå av kjemikaliar – ein verdi lågare enn standarden i bransjen.
  • All plast, papp og papir frå våre butikkar og kontor blir resirkulert

Tiltak som vi jobbar med:

  • Vi ønskjer å erstatte all plastikk som blir nytta for transport og emballasje til betre alternativ.
  • Vi ønskjer å erstatte ein stor del av våre fleeceprodukt til resirkulert plast fleece.
  • Vi ønskjer å betale for våre carbon footprint frå vår transport av produkt ved å donere til et miljøvern prosjekt.
  • Vi kan alltid forbetre oss og det jobbar vi kontinuerlig med. Vårt mål er ein effektiv organisasjon med eit minimumsnivå av påverkning på miljøet. 

Fabrikkar og framstilling av våre produkt:
Skogstad har sidan vi blei etablert i 1937 lang erfaring med produksjon av kle og tilbehør. Vi brukar kunn fabrikkar som er ekspertar på sine felt med lang erfaring, kunnskap og forståing om internasjonal handel og krav det medfører. Ved oppstart av nye fabrikkar er vi svært nøye på våre val, det kan ta oss opptil 1-2 år å bli kjent med leverandøren godt nok til å klarere dei som ein godkjent Skogstad produsent.

I våre val av fabrikkar så tenkjer vi kvalitet framfor kvantitet og held talet fabrikkar vi nyttar på eit minimum av kapasitetsbehovet, og i få land for å kunne sikre best mogleg total-oversikt på våre aktivitetar der. Med dette oppnår vi gode og langvarige forhold der vi er trygge på- og kjenner kvarandre sine metoder svært godt.

Skogstad har alltid vore opptatt av å ta ansvar for sine handlingar og at menneska rundt oss blir behandla med respekt, likeverd og trygghet i sine jobbar. Dette er sjølvsagt høgt prioriterte oppgåver fortsatt i dag som vi følger med på kvar dag frå vårt hovudkontor i Noreg, og gjennom vårt eige kontor i Kina der vi har eigne fast tilsette for oppfølging og kontrollar.
Å vere tilstade i kort avstand til våre samarbeidspartnarar og fabrikkar gjev oss tydelig kommunikasjon, og vi besøker fabrikkane kvar veke med faste rutinar på å ettersjå at våre strenge krav og retningslinjer når det gjeld etikk, miljø og sikkerheit blir nøye følgt.


Oversikt over Skogstad sine produksjons-fabrikkar finn du her:

Namn By Provins Land
Zhuji Yiding Garment Co., Ltd. Zhuji Zhejiang Kina
Jinhua A&C Clothing Co., Ltd. Jinhua Zhejiang Kina 
Wuxi Qi-an Lifesaving & Sport equipment Co., Ltd. Wuxi Jiangsu Kina 
Suzhou Hengrun Import & Export Co.,Ltd. Suzhou Jiangsu Kina 
Nanjing Roots International Inc Nanjing Jiangsu Kina 
Tianjin Jucheng Garment Co., Ltd. Tianjin Tianjin Kina 
Taizhou Xingzhou Garment Co.,Ltd. Taizhou Zhejiang Kina 
Changshu Huaerda Garment Co., Ltd. Changshu Jiangsu Kina 
Jiaxiang County Junwei Glove Products Co., Ltd. Jiaxiang Shandong Kina 

Utfyllande krav til etiske retningslinjer (Code of Conduct) finn du her:
Norsk  
Engelsk

For meir informasjon om vårt samfunnsansvar, send ein mail til firmapost@skogstadsport.no med dine spørsmål eller kommentarar.

Dette produktet er ikke på lager for øyeblikket

Varg

kr 899
Dette produktet er ikke på lager for øyeblikket

Nestinden

En tynnere dunjakke, særs varmegivende med sin 90% dun/10% fjær fordeling. Ta vinteren varmt imot i sesongens freshe farger.
kr 999
Dette produktet er ikke på lager for øyeblikket

Nyheller

Sporty og komfortabel shorts i pustende 4-veis stretchmateriale. Perfekt til både hverdags- og friluftsliv.

Vanlig pris: kr 549

Special Price kr 275

Dette produktet er ikke på lager for øyeblikket

Kodal

Få den ultimate vår-looken med sesongenes quiltet kåpe! En lett innsvinget modell med glatt fòr og krage. Se Måløy for en kortere jakke og Røa vest.

Vanlig pris: kr 1 099

Special Price kr 550