Nordfjord

Korte avstandar – store opplevingar

Innerst i Nordfjord glitrar isbreane mellom smale dalar, og her finn du Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet.
I midtre Nordfjord er fjorden breiare, sjølv om fjordarmen Hyenfjorden er dramatisk nok. Lengst ute opnar havet seg.
Kystkulturen er spesiell, og fiskeværa fortel mange historier om svunne tider.
Lengst ute tronar Vestkapplatået mot det mektige Stadhavet.


Eit eldorado for spanande aktivitetar 
Nordfjord er eit vandremekka, med over 200 merka turløyper, gode kart og variert natur. Bli med på brevandring på Tystigbreen, eller stå på ski på legendariske Stryn Sommerski. Derifrå er det kort veg til Stad, der du kan prøve surfebrettet eller vandre i det spesielle kystlandskapet. Fjorden, havet, glitrande innsjøar og elvar gjer Nordfjord til ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. For den actionsøkande kan Via Ferrata vere tingen, eller elve-rafting med brusande vatn rundt på alle kantar. Du kan også oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også

eit eldorado for fiske, både i vatna, lakseelvane, fjorden og havet.

Eventyrleg kultur
Nordfjord har lange tradisjonar innan folkemusikk og kunsthandverk. Anders Svor Museum og Nordfjord Folkemuseum er nokre av stadane der du kan oppleve kulturen vår. På den sagnomsuste øya Selja kan du få høyre historia om St.Sunniva, blant klosterruinane til Selja Kloster. Heile året er det mange kulturarrangement med musikk, festivalar og forskjellige aktivitetar.. 

Ikkje gå glipp av

Briksdalsbreen
Den mektige Briksdalsbreen er ein av dei største attraksjonane i Norge, og ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen.

Skåla
Skåla ligg på 1848 meter over havet, over Loen inst i Nordfjord. Turen blir rekna for å vere Norges lengste motbakke med foten i fjorden. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Tårnet på toppen er ei sjølvbetent DNT hytte.

Selja Kloster
På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.

Stryn Sommerski og Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen
Kva med ein skiferie midt på varmaste sommaren? Høge fjell og nordisk klima gjer skikøyring mogleg nesten heile året. Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, senteret ligg ved den 100 år gamle nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen (riksveg 258). Her kan skiglade turistar frå mai til juni/juli oppleve sommarsnø på sitt beste.

Surfing på Stad
Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. På sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer.

www.nordfjord.no