Miljøbevisst

  • Heim
  • Miljøbevisst

 

Miljøet:
Skogstad Sport har sitt opphav frå dei norske Fjordane. Vi har noko av den vakraste, urørte naturen i verden rundt oss. Fjordar og kystlinjer er økosystem som krev respekt, omtanke og treng å bli teken vare på. Som produsent av utandørbekledning, er vårt mål at alle kan oppnå utandørs glede og unike opplevingar i storslått natur i det rette utstyret.

Nettopp derfor er eit sterkt miljøfokus kjernen i vår forretningsmodell.

Nokre av våre tiltak i dag:

  • Nesten all emballasje, både papp og plast,
    som er produsert i Kina er resirkulert.
  • Vi jobbar for ein optimal og effektiv transport av våre produkt frå Kina for å minimere fraktkostnadar og bruk av drivstoff.
  • Vi jobbar kontinuerleg for å finne nye måtar å minimere bruk av emballasje. I 2014 starta vi å pakke produkta mindre.
  • Vi jobbar for å minimere bruk av skadeleg, eller potensielt skadelege kjemikaliar i våre produkt. I 2015 testa miljødirektoratet nokre av Skogstad sine produkt med eit resultat som viser at Skogstad sine produkt har eit særdeles lavt nivå av kjemikaliar – ein verdi lågare enn standarden i bransjen.
  • All plast, papp og papir frå våre butikkar og kontor blir resirkulert

Tiltak som vi jobbar med:

  • Vi ønskjer å erstatte all plastikk som blir nytta for transport og emballasje til betre alternativ.
  • Vi ønskjer å erstatte ein stor del av våre fleeceprodukt til resirkulert plast fleece.
  • Vi ønskjer å betale for våre carbon footprint frå vår transport av produkt ved å donere til et miljøvern prosjekt.
  • Vi kan alltid forbetre oss og det jobbar vi kontinuerlig med. Vårt mål er ein effektiv organisasjon med eit minimumsnivå av påverkning på miljøet.