Katalog


Skogstad er ein av Noregs største leverandørar av sports- og fritidsklede til heile familien. Vi er kjend for vårt gode design og vår gode kvalitet.

Alle sesongar...
Kolleksjonen vår dekker alle dei fire sesongane og dei tilhøyrande vêrforholda. 
Anten det er ved strandkanten i 30 grader eller på ein topptur i -30, kan Skogstad vere med deg.

For heile familien...
Vi produsera teknisk utandørsbekledning, sports- og fritidsklede 
til alle aldra og til alle medlemmer i familien.

Kvalitet...
Vi er ein av dei på den norske marknaden med lavast og best prosent av returar. 

For mange representerer våre produkt kvalitet i eit flott design til ein fornuftig pris.

Vårt mål er å produsere produkt som ikkje berre vil vare over tid,
men som taklar eit aktivt liv utandørs.

Framtida...
Skogstad jobbar kontinuerleg med produktutvikling der produkttesting er ein vesentleg og verdsatt fase i vår kvalitetssikrings prosess. 

Vi har nært samarbeid med Svedje og Fjell, Loen Active og Briksdal Adventures som bidreg til optimalisering av det enkelte produkt.
Dette er aktive grupper på vinterstid med toppturar og frikøyring, samt på sommeren med bre- og fjellvandring.

Våre designerar er lokalisert i Noreg. Vårt team i Kina har eit innovasjonsretta fokus,
og jobbar mot å sette trendar, ikkje berre å følgje dei.