verdiar
og visjon

Visjon
Vår visjon er at Skogstad skal vere ein ettertrakta, norsk merkevare for sports- og fritidsklede, der norsk tradisjon og rein natur er gjenkjenneleg.

Skogstad – rein norsk klesdesign

Forretningsidé
Visjonen vår skal oppnåast gjennom tidsriktig design, effektiv produksjon, distribusjon og sal av sports- og fritidsklede av høg kvalitet, til konkurransedyktige prisar - basert på lange skreddertradisjonar.

Vi skal skape utandørs glede

Verdiar
Dette er verdiane vi i Skogstad arbeider etter, kvar einaste dag:

* Jordnær
* Ansvarleg
* Truverdig - trygg
* Aktiv
* Kreativ
* Kompetent

Etisk handel
Skogstad Sport er opptekne av etisk handel. Dette inneberer at vi skal arbeide for at våre samarbeidspartnarar og leverandører har gode nok standardar for arbeidsliv og forretningsverksemd.

Vi har fleire fabrikkar i Kina, og er opptekne av at tilsette der skal ha ryddige og gode arbeidsvilkår. Vi går jamnleg gjennom drifta hjå våre leverandørar for å sikre dette. Skogstad aksepterer ikkje barnearbeid knytt til produksjon av våre klede.

Lokalt ansvar
Skogstad er svært medviten sitt geografiske opphav, og arbeider kontinuerleg for å ivareta og støtte gode initiativ i vår region. Som eksempel på dette kan nemnast Skogstad sitt samarbeid med Firda vidaregåande skule på Sandane. Elevar ved Medium og kommunikasjon på denne skulen arbeider tett med marknadsapparatet i Skogstad, slik at dei kan få verdifull røynsle frå arbeidslivet. Gjennom arbeid for eit lokalt, sterkt merkenamn får dei prøve seg innan ulike typar marknadsføring.

Miljø
Skogstad prøver å minimere skaden på miljøet i vår verksemd. Fleire sider av drifta er endra for å bli så miljøvenleg som mogeleg, og dette er noko vi kjem til å ha fokus på i åra framover.