verksemd med 
 base i Innvik 

Om Skogstad

I strandkanten ved Nordfjorden, i rolege og vakre omgjevnader, finn du Innvik. Ein liten tettstad og eit sokn i Stryn kommune på sørsida av Innvikfjorden. Flinke handverkarar har sett sitt preg på både kulturen og området i generasjonar. Her starta Skogstad si historie for over 70 år sidan, og her er framleis hjartet i drifta av Skogstad.

Vårt primære fokus er sjølvsagt å lage dei beste sports- og friluftskleda for menneske som er ute i naturen. Men på vegen dit er vi òg opptekne av å drive verksemda på ein best mogeleg måte. Les meir om dette under 'Verdiar & visjon'.